Bulletinen
Farevarsel Kuling
Moderat

Kuling

Fra Onsdag ettermidag sørvest periodevis stiv kuling 15 m/s, minkende torsdag ettermiddag.

Kilde: Meteorologisk institutt (met.no) · Oppdateres hvert 5. minutt

← Tilbake til forsiden

Uendra arbeidsløyse i mai

Uendra arbeidsløyse i mai I mai var arbeidsløysa 4,7 prosent, som er det same nivået som i dei fire føregåande månadene. Publisert: 24. juni 2026Forfattar: Knut Snellingen Bye, Håvard LienIfølge trendtaletI sesongjusteringsprosessen blir serien spalta opp i tre komponentar: sesong, irregulær kompone

SSB Bulletinen Økonomi

Uendra arbeidsløyse i mai I mai var arbeidsløysa 4,7 prosent, som er det same nivået som i dei fire føregåande månadene. Publisert: 24. juni 2026Forfattar: Knut Snellingen Bye, Håvard LienIfølge trendtaletI sesongjusteringsprosessen blir serien spalta opp i tre komponentar: sesong, irregulær komponent (tilfeldig variasjon) og trend. Trenden representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen.Lukk frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var det 145 000 arbeidslauseI AKU blir ein rekna som arbeidslaus viss ein ikkje har inntektsgivande arbeid, og prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker. Ufrivillig permitterte blir rekna som arbeidsledige viss dei er permitterte samanhengande i meir enn tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit.Lukk personar i mai. Det svarar til 4,7 prosent av arbeidsstyrkenSummen av sysselsette og arbeidslause, altså personar som tilbyr arbeidskrafta si på arbeidsmarknaden.Lukk. Dette var uendra samanlikna med april, som har blitt revidert Revideringar er vanlege i sesongjustering og berekning av trendtal, fordi heile tidsserien blir berekna på nytt når det føreligg informasjon om ein ny månad.Lukk ned 0,1 prosentpoeng sidan førre publisering.  Ein viktig del av totalbiletet av arbeidsmarknaden dei siste to åra er at sjølv om arbeidsløysa auka betydeleg mellom mai 2024 og januar 2026 og så stabiliserte seg på 4,7 prosent frå januar til mai i år, så har sysselsetjingaPersonar som har utført inntektsgivande arbeid av minst ein time varigheit i den uka vi samlar inn informasjon om. I tillegg er personar som har slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande også definert som sysselsette.Lukk ikkje gått ned. –  Sysselsetjingsprosenten i mai 2026 var akkurat den same som i mai 2024, sjølv om arbeidsløysa hadde auka med 0,8 prosentpoeng. Dette skyldast i hovudsak at fleire unge som tidlegare sto utanfor arbeidsstyrken begynte å søke jobb, seier Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå. SSB har kommentert dette utviklingstrekket i fleire omgangar tidlegare, blant anna i  artikkelen om arbeidsmarknaden i første kvartal 2026 og i oppsummeringa av arbeidsmarknaden i 2025. Samanhengen mellom arbeidsløyse, sysselsetjing og personar utanfor arbeidsstyrkenI Arbeidskraftundersøkinga opererer vi med tre gjensidig utelukkande og til saman utfyllande hovudgrupper: • Sysselsette, altså dei som har ein jobb • Arbeidslause, altså dei som ikkje har ein jobb, men som søkjer aktivt og er tilgjengelege for å ta ein jobb • Personar utanfor arbeidsstyrken, altså dei som verken har ein jobb eller søkjer aktivt, og/eller ikkje er tilgjengelege Sidan vi opererer med tre grupper, ikkje berre to, er det ikkje nødvendigvis slik at sysselsetjinga må gå ned når arbeidsløysa går opp. Ei auke i arbeidsløysa kan like gjerne kome av at færre personar står utanfor arbeidsstyrken, som av at færre er sysselsette. Sett frå eit samfunnsperspektiv kan ein auke i arbeidsløysa difor vere eit godt teikn (fleire enn før vurderer det som mogleg å finne ein jobb og byrjar å søkje), eller eit dårleg teikn (personar som har hatt ein jobb har mista jobben sin). Det same gjeld den andre vegen: Ein nedgang i arbeidsløysa kan bety at fleire har funne ein jobb, men kan òg bety at fleire har blitt motlause og har slutta å sjå etter arbeid. Kvartalsstatistikken til Arbeidskraftundersøkinga publiserer tal for endringane mellom desse tre gruppene. Figur 1. Arbeidsløyse og sysselsetjing. Januar 2009 – mai 2026. Trend. ProsentVis som figurVis som tabellKjelde: Arbeidskraftundersøkinga, Statistisk sentralbyrå Høgare arbeidsløyse, men ikkje lågare sysselsetjing Arbeidsløysa auka betydeleg gjennom den første halvdelen av fjoråret, men har etter det lege nokså stabilt rundt 4,6 og 4,7 prosent. Dette er ein relativt lang periode med høgare arbeidsløyse enn kva vi har vore vant til. Det er berre under delar av korona-pandemien (mai 2020 til juni 2021), rundt oljeprisfallet i 2015 (mai 2015 til november 2016), og under lågkonjunkturen på 1990-talet at vi har hatt lengre samanhengande periodar med høgare arbeidsløyse-tal dei siste 50 åra. Men i motsetning til dei periodane har det denne gongen ikkje vore ein samanfallande og tilsvarande nedgang i sysselsetjinga. Stabilt tal på jobbar i mai Det blei i underkant av 1 600 fleire jobbar Jobbar og arbeidsforhold vert her brukt som synonym og er definert som arbeid som vert kompensert med lønn o.l. Omgrepet inkluderer både hovudjobbar og bi-jobbar. Ein person kan ha fleire jobbar i ulike verksemder. Fleire jobbar i same verksemd for same person blir lagt saman til éin jobb.Lukk i mai, som svarar til ein auke på 0,1 prosent. Det viser førebelse sesongjusterte tal frå statistikken Tal på arbeidsforhold og løn. Det var sterkast jobbvekst innan helse- og sosialtenester med rundt 1 900 jobbar, ein auke på 0,3 prosent. – Det var ein gradvis jobbvekst over fleire år fram til starten av 2026. Dei siste månadene har tala på jobbar vore meir stabile, og det ser ut som jobbveksten no nærmast har flata heilt ut, seier Køber. Publisering av tal på arbeidsforhold og lønn utsetjastPå grunn av overgangen til Altinn 3 for a-meldingen i juli, utsetjast publiseringa av endelege mai-tal og foreløpige juni-tal i statistikken tal på arbeidsforhold og lønn frå 21. juli til 13. august, for å sikre datakvaliteten. Endelege sesongjusterte tal viser ein svak jobbvekst på litt over 800 jobbar i april. Dei førebelse tala for april frå førre publisering viste ein nedgang på nesten 3 000 jobbar. Det er vanleg med noko forskjell mellom dei førebelse og endelege tala. Forskjellen mellom tala for april kjem av ei meir positiv utvikling innan fleire næringar. Figur 2. Talet på jobbar. Førebelse og endelege sesongjusterte tal. Januar 2023 – mai 2026. AntalVis som figurVis som tabellKjelde: Tal på arbeidsforhold og løn, Statistisk sentralbyrå Dei sesongjusterte t

AI-generert innhold

Denne artikkelen er generert av kunstig intelligens basert på informasjon fra SSB. AI-en har omformulert og strukturert innholdet, men har ikke verifisert fakta uavhengig.

Se originalkilde →

Kilde: SSB

Originalkilde
Høy troverdighet

Relaterte saker